Miljøfyrtårnsertifisering

Miljofyrtarn_5.jpg

Kva er Miljøfyrtårn?

Eit anerkjent og effektivt verktøy for sertifisering og miljøleiing, som helper verksemder å skape konkuransefortrinn av berekraft.

Noregs mest brukte miljøsertifikat.

80 ulike bransjekriterier.

Felleskriterier med fokus på Avfall, Transport, Innkjøp, Energi og Arbeidsmiljø.

81% av miljøfyrtårnsertifiserte verksemder opplever i stor grad miljøforbedringar.

71% er positivt innstilt til verksemder med miljøsertifisering.

75% ynskjer å kjøpe produkt og tenester frå verksemder som er miljøsertifisert.

Dokumentasjon på berekraftsarbeidet.

RØRSLA

Godkjent konsulent

Ein Miljøfyrtårnkonsulent bidreg hjå verksemder med rådgjeving i prosessen med Miljøfyrtårn-sertifisering.

Kor stort behov ei verksemd har for bistand varierer mykje. Verksemder som allereie har implementert miljørutiner og HMS-system vil erfaringsmessig berre ha behov for prosessveiledning, medan andre kan ha behov for miljøfagleg rådgivning.

Kompetansekrav for konsulenten er akademisk utdanning på høgskulenivå, erfaring med prosessleing, samt utvida kompetanse i HMS og miljøleiing.

MFT3.jpg

RØRSLA sin rolle

Konsulenten si rolle i Miljøfyrtårn er å guide og rettleia ei verksemd frå oppstart til sertifisering. Konsulenten hjelper til med å etablere nødvendige rutiner og prosedyrer for at verksemda skal oppfylle sertifiseringskriteria. Konsulenten kan hjelpe med rettleiing til utfylling av miljøkartleggingsskjema og klima- og miljørapport i Miljøfyrtårnportalen.

Konsulenten kan veilede verksemda med forslag og tips til smarte miljøgrep som hevar verksemda sine prestasjoner på indre og ytre miljø. Råd og veiledning vert gitt ut fra bedriftsøkonomiske forutsetningar og med sikte på å gi auka lønnsemd.

MFT4.jpg

Verksemda si rolle

Alle verksemder er unike, og vil i varierende grad ha kompetanse om sertifiseringsprosessen. Ved oppstart gjennomfører konsulenten ein grundig kartlegging av verksemda, for å få ei forståing av verksemda og kva hovudtenester den utfører. Det er viktig at verksemda får eit realistisk bilde av sertifiseringsprosessen, omfanget av kriteriene som må oppfyllast og mogelegheitene som sertifiseringa gjev. Vidare må miljøarbeidet vere godt forankra i verksemda. Det vil seie å sikre involvering av både leiing og tilsette, slik at verksemda føler eigarskap til miljøfyrtårnarbeidet og er i stand til å finne dei gode tiltaka på eigenhand. Konsulenter med sin erfaring og kompetanse har ein sentral rolle som rådgjevar for å sikre at verksemda lykkast med miljøfyrtårnarbeidet.

Miljøfyrtårnansvarleg i verksemda, dvs utpekt person, som er ansvarlig for å halde miljøfyrtårnarbeidet i hevd, og vere verksemda sin ressursperson på miljø. Ansvar for oppgaver kan være; fylle ut og levere årlig klima- og miljørapport, holde HMS-systemet oppdatert på miljøfyrtårnrelaterte element, forbu og gjennomføre resertifiseringer etc. Det skal utarbeides en egen instruks for Miljøfyrtårnansvarlig.

Verksemder har ett års frist på å bli sertifisert, men di fleste treng 4-6 månadar på prosessen.

Rådgjeving

2017-06-05 12.52.43.jpg

Det grønne skiftet

Skal vi nå FNs berekraftsmål, og ta del i ta del i det grønne skiftet, krev det ein omfattande mobilisering kor vi samarbeider målretta for å oppnå eit meir berekraftig samfunn.

Over 95% av norske verksemder er små, dvs har mindre enn 20 tilsette. Når små og mellomstore verksemder er ein så stor andel av næringslivet i Noreg er det viktig at desse tek del i berekraftsarbeidet.

Små og mellomstore verksemder har ikkje personalressursar tilsvarande dei store, men vil mest sansynleg få dei same krava og forventingane både frå kundar og styresmaktene når det gjeld berekraftsarbeid.

Aktivt og godt berekraftsarbeid gjev verksemdene konkuransefortrinn og gjer dei meir robuste i møte med endringar som vi komma i framtida.

«Det grønne skiftet handler om hvordan Norge skal bli et lavutslippsland innen 2050. For å få til dette må vi omstille oss til et samfunn hvor vekst og utvikling skjer innenfor naturens tålegrenser.

Samfunnet må igjennom et grønt skifte, det må skje en overgang til produkter og tjenester som gir betydelig mindre negative konsekvenser for klima og miljø enn i dag. Det vil være krevende, men fullt mulig.

Det grønne skiftet må være globalt. Derfor er internasjonalt samarbeid viktig for å sette felles mål, og samhandle for å utvikle teknologi og rammebetingelser. Samtidig må Norge, som alle land, finne sin egen vei til en grønn økonomi.» (REF Regjeringen.no)

Verksemdene kan vere ein del av løysinga i staden for ein del av problemet, og kan gjere verda meir berekraftig og samtidig tene pengar på det: GRØN VEKST. Det vil seie økonomisk vekst samtidig som ein reduserer ressursbruken, og på den måten minskar utsleppa som påverkar klima og miljø negativt.   Det er ei endring på gang. Fleire og fleire verksemder finn nye og spennande måtar å drive forretning på, som er mindre skadelig for samfunn og miljø.

2017-05-01 14.06.44.jpg

Berekraftsarbeid

Næringslivet må som alle andre i samfunnet bidra til å redusere dårlege klimavaner. Det vert i tillegg sett meir og meir  krav til att verksemder som vil gi offentlege tilbod må ha ein form for dokumentasjon av berekraftsarbeidet sitt. Vidare har kundane blitt meir og meir opptatt av berekraft.

I dag kan det sjå ut til at det er dei store verksemdene som har mest fokus på berekraft. I alle fall er dei mest synlege og nyttar berekraft i sin marknadsføring for å vise samfunnsansvar. Desse har gjerne eigne tilsette som jobbar med miljøleiing og kan difor lettare dokumentere berekraftsarbeidet sitt.

Mindre verksemder har ikkje personalressursar tilsvarande dei store, men vil mest sansynleg få dei same krava og forventingane både frå kundar og styresmaktene når det gjeld berekraftsarbeid.

Miljøleiing  er ei rolle som oftast vert lagt til dagleg leiar i tillegg til alle dei andre arbeidsoppgåvene. Trass i mindre ressursar kan mange verksemder arbeide godt med berekraft, utan at dei nyttar denne definisjonen på arbeidet.  Om ein for eksempel ser ei mindre verksemd sitt fokus på nytta resursane på ein god måte ved å unngå sløsing, er det nettopp berekraftsarbeid dei driv med. Sjølv om verksemda ser på arbeidet som ein måte å drive godt i sin marknad.

I boka Berekraftig verdiskaping spør Leif Longvanes og Torbjørn Årethun: «Er det slik at det er berre dei med best økonomi som kan gjere seg nytte av berekraftige og verdiskapande løysingar og korleis passar dette med berekraftsmåla om ei meir rettferdig utvikling og fordeling av goda?» Eit viktig og godt spørsmål.

Dei små og mellomstore verksemdene treng å få berekraftsarbeidet, dei allereie utfører, sett inn i eit system. Få dette dokumentert og «tetta hol» fram dei har ein komplett berekrafststrategi.

Desse verksemdene har mogelegheit til å nytte fleire typar verktøy og styringssystem for å komme i gang med berekraftsarbeidet sitt, og arbeidet kan utførast stegvis. For dei fleste verksemder vil miljøsertifisering vere ein god stad å byrja.

Vidare vil det være naturleg, når miljøsertifiseringa er på plass og ein har lært meir, å utvida berekraftsarbeidet sitt med ulike anlysar, justering av forretningsmodellar med meir. På sikt vil ein då ha utvikla sin eigen berekraftsstrategi, som er tilpassa verksemda.

Verksemder som ynskjer å jobbe systematisk og kontinuerleg med å redusere negative effektar på klima og miljø og forbetra dei positive treng ein plan å jobbe etter. Dette vil vere eit arbeid som vert utført over tid og stegvis, og for å lette dette arbeidet ynskjer RØRSLA å tilby hjelp til denne prosessen.

 

STEG 1

Kor motivert er verksemda til å til å starte og kva er målet med berekraftsarbeidet ?

Dette kan vurderast ut i frå modenheit og ambisjonsnivå. Det er svært viktig at berekraftsarbeidet vert godt forankra i leiinga for å få til gode resultat.     

 

STEG 2

Korleis få oversikt over stoda i dag?

Ein berekraftsanalyse gjev ein oversikt over dagens situasjon i verksemda.

Klimaendringar fører til eit nytt risikobilde for verksemda. Klimarisiko handler om konsekvensene av klimaendringar på eigen aktivitet, og kan kategoriserast i hovedgruppene fysisk risiko og omstillingsrisiko.

 

STEG 3

Miljøsertifisering, vegkart og andre berekraftsverktøy

Det er ulike typar sertifiseringsordningar og miljøleiingssystem som Miljøfyrtårn, ISO14001 og EMAS, og desse er i hovudsak likestilt.

For små og mellomstore verksemder er Miljøfyrtårnsertifiseringsordninga den mest aktuelle. Miljøfyrtårn har ferdig definerte miljøkriteriar på styringssystem samt indre- og ytre miljøaspekt og er tilrettelagt for meir enn 80 bransjar.

 

STEG 4

Berekraft - strategi og mål

Langsiktig konkurransekraft forutset at verksemda har en strategisk tilnærming til klima og miljø, har fokus på berekraftige løsningar som kan bidra til å løyse samfunnsutfordringar og har retningslinjer for etikk og samfunnsansvar.

Det viktig å vurdere kor mykje betre den nye teknologien eller løsningen er for miljøet sammenlikna med det som finnast frå før. Då må ein kjenne til og sammenlikne løsninga med dei beste tilgjengelege løsningane på markedet.

Vidare arbeid med berekraft kjem naturleg når verksemda ser alvoret og innser at for å tene pengar framover krev det endring og tilpassing til berekraftsproblemet eller bygga forretningsmodellar som bidreg til å løysa problema. Ei bærekraftig framtid er avhengig av eit meir harmonisk samspel mellom verksemdene, samfunnet og miljøet.

Det er eit tett samspel mellom økonomi og samfunn og dei er gjensidig avhengig av kvarandre. Og begge desse systema er heilt avhengig av miljøet og naturen. Jorda kan fint eksistere utan menneska, medan menneska er heilt prisgitt eit levedyktig økologisk system. Det vi kallar berekraftsproblemet viser til ein disharmoni mellom desse tre systema, som ikkje er holdbar over tid. Utfordringa vert å finne forretningsmodellar som er i harmoni med desse tre systema, slik at dei kan vere lønnsomme sjølv om dei er meir berekraftige.

RØRSLA nyttar RESTART, eit rammeverk som er designa for nettopp dette arbeidet og inneheld 7 vegar til å bli ei berekraftig verksemd.

      

graph.jpg
restart.png

Foredrag

IMG_5694.jpg

Glede gjev motivasjon

RØRSLA ynskjer å skapa “grøntusiasme” gjennom spennande informasjon og utradisjonell vinkling.

Alle kan bidra og alle skal med - berekraft kan vere gøy!

 

Ombruk

Ombruk

RØRSLA ynskjer å hjelpa verksemder med å fokusere meir på gjenbruk og ta steget og inn den sirkulære framtida der avfall er råstoff for ny produksjon.

Alle kan bidra - ombruk er spennande og givande !